
Urke Fjordhytter
Fjordhytter
Urke Fjordhytter har 3 moderne hytter for 4 - 8 personer.
Hyttene ligg i utkanten av ein bondegard med utsikt mot fjorden og med Sunnmørsalpane rundt på alle sider.
Her er det gode tilhøve for fiske i fjorden samt aurevatn ved vegen i Norangsdalen.
Kjende navn i nærleiken er Geiranger, Trollstigen og Ålesund.

Hytte 3

Hytte 2

Hytte 1

Hytte 3

Norangsfjorden
Urke ligg i gangavstand til dei kjende fjella Saksa og Slogen. Urke er utgangspunkt for dei kjende turane over Urkeegga og Hjørundfjordegga.
Urke er ei lita bygd i Ørsta kommune
i hjarte av Sunnmørsalpane.
Bygda er skjerma for nordavind og
ligg fint til ved Norangsfjorden som
er ein sidefjord frå Hjørundfjorden.
Bygda er omkransa av nokre av dei
mektigaste fjella i Sunnmørsalpane og
er eit utmerka utgangspunkt for fjell-
turar sommar som vinter.
Bygda Urke har lite trafikk og roleg
atmosfære, ein utmerka plass for heile familien.
Det er landhandel sentralt plasert i
bygda med utsal av matvarer, bensin og postekspedisjon.
